Eltefritt 2-kornsbrød – eit saftig brød med rista graskarkjerner

2 kornsbrød-6349

Etter å ha elta og heva og knadd og venta på brøa til Morten Schakenda (som blir aldeles strålande brød, som f.eks. loff), var det ein revolusjon å oppdage eltefrie brød. Det var gjort i ein fei, deigen er ferdig på 2-3 minutt (med unnatak at ein må vente 12-24 timar frå du set deigen til du steiker brødet…)

Det begynte med at eg las denne artikkelen av Christoffer Sjuve og fekk perfekt resultat på første forsøk. Eg blei så inspirert at eg kjøpte kokeboka til Ina-Janine Johnsen om eltefrie brød. Men eg fant ikkje heilt brødet som eg synast er det perfekte kvardagsbrødet. Med inspirasjon frå dei to over kom eg fram til følgande, som er eit saftig brød med graskarkjerner. Høgdepunktet er at graskarkjernene blir rista på toppen av brødet og blir deilig sprø.

Ingrediensar:
300 g kveitemjøl
150 g sammalt speltmjøl
25 g solsikkekjerner
25 g graskarkjerner
1,5 ts salt (7 g)
0,5 ts tørrgjær
ca 4 dl vatn
litt graskarkjerner til pynt

Slik gjer du:
1. Bland saman alt det tørre i ein bolle og rør det lett saman.
2. Tilsett vatn og rør raskt saman til ei litt våt deig. Om den blir for våt, ha i litt ekstra kveitemjøl.
3. Dekk bollen med plastfolie og la deigen stå i 12-24 timar.
4. Brødet skal steikast i ei ildfast gryte med lokk, som f.eks. ein Römertopf eller ei jerngryte med jernlokk. Sett denne inn i kald ovn og skru ovnen på fullt (250 grader).
5. Dryss rikeleg med kveitemjøl på kjøkkenbenken din og tøm deigen over mjølet.
6. Brett deigen saman inn frå sidene fleire gongar til den får fin konsistens. End opp med å legge brødet med brettesida ned oppå mjølet.
7. Ha litt vatn på deigen og dryss over nokon graskarkjerner. Trykk dei forsiktig ned i brødet og dryss på litt kveitemjøl til pynt.
8. La deiga kvile til ovnen er varm.
9. Når ovnen er var tar du ut gryta og lokket frå ovnen og sett dei på kvar sin varmedempar. Ha deigen oppi og legg på lokket.
10. Sett gryta med deigen i ovnen og la den steike i 30 min.
11. Ta av lokket og la brødet steike nye 5-6 minutt til brødet er blitt lysebrunt og fint.
12. Ta ut brødet av ovnen og hell det over ei rist og la det kjøle seg ned.

Nyt med smør og brunost.

Ziti: Verdas beste lasagne

Mat-7095Mat-7101

Kanskje hugsar du når Tony Soprano kom heim seint og gjekk rett i kjøleskapet og fant fram ei skål med gratinert pasta? Det var Carmela sin ziti; ein gratinert pastarett med sterke italienske pølser. Fleire har forsøkt å nitidig plukke oppskrifta utifrå kva Carmela fortel om retten i serien, og kanskje finn du ei tradisjonstro oppskrift på nettet. Dette er er ikkje ei tradisjonstro oppskrift, men derimot ein spansk-italiensk-norsk bastard. Ziti er ikkje å oppdrive i Norge, og er blitt erstatta av lasagneplater. Eg har beholdt Carmela sine triks med sterke pølser, kvitsaus med mjukost og eit lag med basilikum, men det er norsk smøreost i staden for Ricotta og det er spansk chorizo. Det er uansett verdas beste lasagne og han går under namnet Ziti heime hos oss.

Til slutt: Takk til Steffen, Tale og Håvard som lagde dei første versjonane av retten!

Ingrediensar
0,5 lauk
0,5 dl olivenolje
2 fedd kvitlauk
1 boks hakka tomatar
1 grønnsaksbuljongterning
1 ss tørka oregano
1 ss tørka basilikum
0,5 dl raudvin
0,5 dl konsentrert blåbærsaft
2,5 ss søt chilisaus
pastaplater
1 plante basilikum
250 g sterk steikechorizo
1 boks lettrømme
250 g naturell smøreost (som f.eks. TINE Naturell eller Philadelfia) eller ein boks Ricotta
250 g raspa ost (f.eks. Norvegia)
salt og pepper

Slik gjer du
1. Ha olivenolja i ei gryte og vent til den er varm. Ha i finhakka lauk og fres den til den blir blank og mjuk. Ha så i finhakka kvitlauk og la den frese med i 30 sekund.
2. Ha i hakka tomatar, dei tørka kryddera, buljongterning, raudvin, blåbærsaft og søt chillisaus. La koke i minimum 30 miniutt, gjerne opp mot ein time.
3. Medan sausen kokar skjer du chorizoen opp i små bitar og steiker dei godt.
4. Smelt smøreosten på låg varme (dette treng du ikkje gjere om du brukar ricotta). Når den er fin og glatt blandar du den med rømmen.
5. Ta av alle blada av basilikumplanta.
6. Ha den stekte chorizoen i tomatsausen, med fett og alt. Smak til med salt og pepper. Sausen skal vere søtlig og litt sterk.
7. Smør ei ildfast form med olivenolje og legg lagvis med pastaplater, kvit og raud saus. Etter eit par lag, legg eit lag med fersk basilikum før du fortset med pastaplater og dei kvite og raude laga.
8. Topp med riven ost.
9. Steik i ca 20 minutt til osten byrja å bli gylden og pastaen er mør.
10. La den kvile i ca 10 minutt og server med salat og loff med kvitløsksmør.