Aiola ala Rafnklau (R.I.P)

Aioli-1830Om du er glad i mat og var i Trondheim for nokon år tilbake hugsar du kanskje delikatessebutikken Rafnklau. Den delte lokale med fiskehallen Ravnkloa og hadde masse godsaker. Vi var ofte innom og endte stort sett alltid med å bruke altfor masse pengar. Vi opplevde også alltid å få strålande service og masse smaksprøver. Men ein gong oppførte mannen i kassa seg rart. Han masa som besatt på at vi skulle bruke opp gavekortet vårt og han gav oss uoppfordra oppskrifta si på aioli, då han var utsolgt sjølv. Vi stussa over måten han var på, men forstod det då vi fekk vite veka etter at butikken hadde gått konkurs. Så tusen takk til Rafnklau for all den gode maten og for oppskrift på nydeleg aioli!

Nok til 4-6 personar som skal ete tapas.
Ingrediensar
2 egg
2 små fedd kvitlauk
2 små t-skeier Dijon-sennep
Safta av ein halv sitron
1 lita t-skei kvitvinseddik
ca 2 dl solsikkeolje
ca 6 ss olivenolje

Slik gjer du
1. Bland egg, kvitlauk, dijon-sennep, sitronsaft og kvitvinseddik med stavmikser
2. Spe sakte med solsikkeolje samstundes om du piskar vidare med stavmikseren
3. Når blandinga byrjar å få konsistensen til majones smakar du til med olivenolje, som også skal piskast inn med stavmiksar
4. Smak til med salt og pepper og evt meir dijonsennep og sitron eller eddik. Er smaken for skarp av kvitlauk spe med meir solsikkeolje. Ver forsiktig med å falle for freistinga til å smake til med sukker, det blir fort kvalmt.

Pai med røykelaks

Pai med laks

Her er ei enkel og god paioppskrift på, ja, du skjønte det, pai med røykelaks. På ei slik oppskrift kan ein variere med alt av fyll, men følger du denne oppskrifta får du ein smakfull og saftig pai.

Ingrediensar
2 ss vatn
ca 200 gr kveitemjøl
125 gr smør
100 gr røykelaks
150 gr sopp (f.eks. sjampignong)
1/2 purre
ca 10 små bukettar broccoli
litt finhakka, raud chilli
200 gr riven ost, f.eks. Norvegia
4 egg
2,5 dl lettmelk
salt og pepper.

Slik gjer du
1. Skjer smøret i terningar og la det bli litt mjukt i romtempratur
2. Smulde smør og mjøl, gjerne i kjøkkenmaskin.
3. Ha i litt og litt vatn medan du knar. Stopp når deiga samlar seg til ein klump.
4. La deiga kvile i kjøleskapet i 30 min.
5. Skru på steikeovnen til 200 grader.
6. Trykk ut deigen i ei paiform og forsteik deigen i 15 min på 200 grader.
7. Medan deiga steiker steiker du oppskorne grønnsaker til dei blir al dente. Tilsett chilli på slutten av steiketida.
7. Ta ut den forsteikte deiga og skru ned ovnen til 175 grader.
8. Fordel stekte grønsaker og oppskåre røykelaks i forma.
9. Rør saman egg, melk og litt salt og pepper.
10. Dryss over reve ost og hell over blandinga.
11. Steik i 30 min eller til den paien byrjar å bli godt stekt på toppen ved at osten byrjar såvidt å bli gyllen brun.
12. Serverast med ein salat.