Aiola ala Rafnklau (R.I.P)

Aioli-1830Om du er glad i mat og var i Trondheim for nokon år tilbake hugsar du kanskje delikatessebutikken Rafnklau. Den delte lokale med fiskehallen Ravnkloa og hadde masse godsaker. Vi var ofte innom og endte stort sett alltid med å bruke altfor masse pengar. Vi opplevde også alltid å få strålande service og masse smaksprøver. Men ein gong oppførte mannen i kassa seg rart. Han masa som besatt på at vi skulle bruke opp gavekortet vårt og han gav oss uoppfordra oppskrifta si på aioli, då han var utsolgt sjølv. Vi stussa over måten han var på, men forstod det då vi fekk vite veka etter at butikken hadde gått konkurs. Så tusen takk til Rafnklau for all den gode maten og for oppskrift på nydeleg aioli!

Nok til 4-6 personar som skal ete tapas.
Ingrediensar
2 egg
2 små fedd kvitlauk
2 små t-skeier Dijon-sennep
Safta av ein halv sitron
1 lita t-skei kvitvinseddik
ca 2 dl solsikkeolje
ca 6 ss olivenolje

Slik gjer du
1. Bland egg, kvitlauk, dijon-sennep, sitronsaft og kvitvinseddik med stavmikser
2. Spe sakte med solsikkeolje samstundes om du piskar vidare med stavmikseren
3. Når blandinga byrjar å få konsistensen til majones smakar du til med olivenolje, som også skal piskast inn med stavmiksar
4. Smak til med salt og pepper og evt meir dijonsennep og sitron eller eddik. Er smaken for skarp av kvitlauk spe med meir solsikkeolje. Ver forsiktig med å falle for freistinga til å smake til med sukker, det blir fort kvalmt.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>