Pizza bianco med skinke, sopp, bacon, feta og oliven

Pizza-9337-2Eg trudde lenge at pizza og tomatsaus var to sider av samme sak. For kven kunne sjå føre seg at pizza ikkje skulle vere raud? Andre, f.eks. Håvard Egge, har laga ein alternativ pizza med raud saus, nemleg pizza med jordbærsaus, og det er jo rart.  Men den pizzaen er i alle fall raud!

Men så kom eg over pizza bianco. Kvit pizza. Motvillig lot eg meg overtale til bestille ein slik ein gong eg var på ein av mine favorittpizzarestauranter i Trondheim (som no dessverre har tapt seg så masse at eg ikkje vil fortelje kva restaurant det var). Og makan til pizza! Fråveret av tomatsaus gjorde at resten av fyllet kom mykje meir til sin rett.

Heime hos oss har denne pizzaen teke over. Tomatsaus er ut. Pizzaen har utvikla seg til ein deilig luksuspizza med alt som er godt på.

Til slutt eit lite tips: Pizzaen BLIR betre om du steiker den nederst i ovnen, på pizzastein med ovnen på full fres.

Oppskrifta her gir to italienske pizzaar, nok til 3-4 personar.

Ingrediensar:
300 g kveitemjøl
25 g gjær
1 ts salt
2 ss olivenolje
300 g sjampinjong
75 g bacon
75 g oppskjert kokt skinke
250 g raspa Norvegia (eller annan kvit ost)
100 g raspa Cheddar (eller annan kvit ost)
50 g fetaost
1 dl Creme Fraise
20 grønne oliven
salt
pepper

Slik gjer du:
!. Løys opp gjær i lunka vatn. Tilsett olje, salt og til slutt mjøl. Køyr i kjøkkenmaskin eller elt for hand til deigen blir glatt og elastisk.
2. Dekk deigen med plastfolie og la den heve til dobbel storleik.
3. Del deigen i to og kjevle ut to pizzabotnar. Kjevle dei gjerne ut på bakepapir, då blir det lettare å overføre dei til pizzasteinen. Om du har god pizzaspade kan du droppe bakepapiret, det blir tross alt best. La pizzabotnane heve på benken.
4. Sett pizzasteinen (om du har) nederst i ovnen og skru ovnen på fult.
5. Medan botnane hevar skjer du sopp i skiver, bacon i småbitar og kokt skinke i små firkantar.
6. Steik sopp og bacon til soppen er nesten stekt og bacon er litt lysare enn du ellers ville hatt han. Det kan vere lurt å steike bacon og sopp kvar for seg og på litt lågare varme enn du ellers ville gjort. Salte og pepre soppen slik at han smakar godt.
7. Når ovnen er varm kjevlar du pizzabotnane igjen. Om du likar litt tjukk kant, let du vere å kjevle ned desse.
8. Fordel creme fraise på dei to pizzabotnane. Ha så på ost. Fordel sopp, bacon og skinke på dei to pizzaane før du smuldrar over fetaost. Til slutt pyntar du med oliven.
9. Pizzaen steikast i 7-10 minutt (avhengig av kor varm ovnen din blir) til osten byrjar å bli gylden. Om du løftar litt på pizzaen med ein steikespade skal botnen har områder som er mørkebrune, men ikkje svidde.
10. Server med ein grøn salat og ei kald øl.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>