Deilig eltefritt havrebrød

Havrebrød - varmtEtter ei lita pause frå brødbakinga fekk eg det over meg igjen: Kvifor ikkje lage ferskt brød til søndagsfrukosten? Det høyrast slitsomt ut, men med eltefrie brød er det gjort ved å spandere 5 minutt på laurdags formiddag og så tek det ein liten time på søndagen før brødet er ferdig. Eg har lenge sverga til mitt eltefrie to-kornsbrød, men denne helga måtte eg prøve noko nytt. Det endte opp med eit deilig og saftig, og litt lyst, havrebrød, perfekt for ein roleg søndag.

Ingrediensar:
325 g kveitemjøl
150 g havremjøl
50 g lettkokte havregryn
1 ts salt
0,5 ts tørrgjær
4-4,5 dl vatn
Ein liten neve store havregryn

Slik gjer du:
1. Bland saman alt det tørre i ein bolle og rør det lett saman.
2. Tilsett vatn og rør raskt saman til ei litt våt deig. Om den blir for våt, ha i litt ekstra kveitemjøl.
3. Dekk bollen med plastfolie og la deigen stå i 12-24 timar.
4. Brødet skal steikast i ei ildfast gryte med lokk, som f.eks. ein Römertopf eller ei jerngryte med jernlokk. Sett denne inn i kald ovn og skru ovnen på fullt (250 grader).
5. Dryss rikeleg med kveitemjøl på kjøkkenbenken din og tøm deigen over mjølet.
6. Brett deigen saman inn frå sidene fleire gongar til den får fin konsistens. End opp med å legge brødet med brettesida ned oppå mjølet.
7. Ha litt vatn på deigen og dryss over litt store havregryn. Trykk dei forsiktig ned i brødet og dryss på litt kveitemjøl til pynt.
8. La deiga kvile til ovnen er varm.
9. Når ovnen er varm tar du ut gryta og lokket frå ovnen og sett dei på kvar sin varmedempar. Ha deigen oppi og legg på lokket.
10. Sett gryta med deigen i ovnen og la den steike i 30 min.
11. Ta av lokket og la brødet steike nye 7-8 minutt til brødet er blitt lysebrunt og fint.
12. Ta ut brødet av ovnen og hell det over ei rist og la det kjøle seg ned.

Nyt med smør og geitost!