Eltefritt 2-kornsbrød – eit saftig brød med rista graskarkjerner

2 kornsbrød-6349

Etter å ha elta og heva og knadd og venta på brøa til Morten Schakenda (som blir aldeles strålande brød, som f.eks. loff), var det ein revolusjon å oppdage eltefrie brød. Det var gjort i ein fei, deigen er ferdig på 2-3 minutt (med unnatak at ein må vente 12-24 timar frå du set deigen til du steiker brødet…)

Det begynte med at eg las denne artikkelen av Christoffer Sjuve og fekk perfekt resultat på første forsøk. Eg blei så inspirert at eg kjøpte kokeboka til Ina-Janine Johnsen om eltefrie brød. Men eg fant ikkje heilt brødet som eg synast er det perfekte kvardagsbrødet. Med inspirasjon frå dei to over kom eg fram til følgande, som er eit saftig brød med graskarkjerner. Høgdepunktet er at graskarkjernene blir rista på toppen av brødet og blir deilig sprø.

Ingrediensar:
300 g kveitemjøl
150 g sammalt speltmjøl
25 g solsikkekjerner
25 g graskarkjerner
1,5 ts salt (7 g)
0,5 ts tørrgjær
ca 4 dl vatn
litt graskarkjerner til pynt

Slik gjer du:
1. Bland saman alt det tørre i ein bolle og rør det lett saman.
2. Tilsett vatn og rør raskt saman til ei litt våt deig. Om den blir for våt, ha i litt ekstra kveitemjøl.
3. Dekk bollen med plastfolie og la deigen stå i 12-24 timar.
4. Brødet skal steikast i ei ildfast gryte med lokk, som f.eks. ein Römertopf eller ei jerngryte med jernlokk. Sett denne inn i kald ovn og skru ovnen på fullt (250 grader).
5. Dryss rikeleg med kveitemjøl på kjøkkenbenken din og tøm deigen over mjølet.
6. Brett deigen saman inn frå sidene fleire gongar til den får fin konsistens. End opp med å legge brødet med brettesida ned oppå mjølet.
7. Ha litt vatn på deigen og dryss over nokon graskarkjerner. Trykk dei forsiktig ned i brødet og dryss på litt kveitemjøl til pynt.
8. La deiga kvile til ovnen er varm.
9. Når ovnen er var tar du ut gryta og lokket frå ovnen og sett dei på kvar sin varmedempar. Ha deigen oppi og legg på lokket.
10. Sett gryta med deigen i ovnen og la den steike i 30 min.
11. Ta av lokket og la brødet steike nye 5-6 minutt til brødet er blitt lysebrunt og fint.
12. Ta ut brødet av ovnen og hell det over ei rist og la det kjøle seg ned.

Nyt med smør og brunost.